page view image

Foredrag: Draumen om eit småbruk

Gartnar Ida Kleppe og familien flytta i 2022 frå Bergen til Stord for å drive gard. Ho kjem til Stord hagelag for å fortelje om vegen ifrå storby til småbruk, og om å etablere hage.

Informasjon
event image

Ida Kleppe skal fortelje om vegen ifrå storby til småbruk, og om korleis det er å etablere eit heilt nytt liv på ein forfallen gard. Ho kjem innom etablering av hage og kjøkkenhage, bærhage og frukthage. I tillegg gir ho tips om kva som veks godt akkurat på Stord - etter hennar erfaring. 

Det vert tid til å stille spørsmål. Etter foredraget vert det lett servering og loddtrekning med grøne premier.

hage hagelaget småbruk kjøkkenhage foredrag stord

Restriksjoner

Arrangementet er ope for alle. Merk ulike billettkategoriar for medlemmer av Hagelaget og ikkje-medlemmer.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Billettar frå kategorien medlem føreset at billetthaldar er gyldig medlem i Det norske hageselskapet. Dersom medlemskap ikkje kan bevisast kan ikkje billetten brukast.