page view image

Foredrag: "Livsnyterhagen" med Anders Røyneberg

Hage- og planteprofil Anders Røyneberg, også kjent som @articgardener på Instagram, er ute med ny bok om hage og uterom.

Informasjon
event image
                                                                        

I den nye boka Livsnyterhagen - som dette hageshowet baserer seg på - blir me med inn i Anders Røyneberg og Erik Schjerven sin frodige, unike og vakre hage på Hadeland. Føredraget er fylt med bilete, film og gode idear som er enkle å gjennomføra uansett om du har liten balkong eller stor hage. Alle kan lukkas med å grønne opp uterommet sitt, er Anders sin enkle tilnærming i sine føredrag.

                       

Gjennom føredraget får du:

                       

Gode balkong- og hagetips
Inspirerande idear til krukker og bedd
Praktiske råd for å lykkes med uterommet
Tips til gøye hageprosjekt alle kan få til
Trekning av grøn premie
Moglegheit til å stille Anders og Erik spørsmål og få konkrete råd

                       

Kom og få inspirasjon til uterom som ikkje krev all verden av innsats, der du verkeleg kan senke skuldrane og nyte livet. Det blir også mogleg å kjøpa bok og få den signert. Velkomen til hageshow!

                       

Anders Røyneberg aka @arcticgardener er født på Jæren, oppvekst på bondelandet i Østfold og nå busett på Hadeland. Han er agronom, psykiatrisk sjukepleiar og sexolog. Til dagleg arbeider Anders som terapeut, skribent og føredragshaldar.

                       

Erik Schjerven er frå Oppland og utdanna marknadsførar. Han er, som Anders, plante-elskar og jobbar som forretningsutviklar i den lokale næringshagen. Saman har de skrive Plantelykke, Plantebonanza, som begge er bestseljarar i Noreg og oversett til ei rekke språk. Våren 2023 kom deira første hagebok, Livsnyterhagen.

                                                       

 Etter foredraget blir det sal av lodd og servering av kaffi og te.   

                                                                        

Arrangører: Stord hagelag og Stord folkebibliotek                                                       

    

stord hagelaget articgardener

Restriksjoner

Arrangementet er ope for alle. Merk ulike billettkategoriar for medlemmer av Hagelaget og ikkje-medlemmer.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Billettar frå kategorien medlem føreset at billetthaldar er gyldig medlem i Det norske hageselskapet. Dersom medlemskap ikkje kan bevisast kan ikkje billetten brukast.