Føredrag: Slow gardening - det enkle hagelivet
Stord hagelag inviterer til føredrag ved Karin Weslien frå Nyaliljedalen
Stord hagelag har saman med Bømlo hagelag invitert hageprofilen Karin Weslien bak Nyaliljedalen på Instagram til å snakka om temaet “Slow gardening” - ein hagefilosofi som har fokus på ein meir stressfri hagekvardag utan krav og prestasjonsangst.
Velkommen til eit kjekt og inspirerande føredrag saman med oss i Stord og Bømlo hagelag!
Det vert enkel servering av kaffi og te, samt loddsal etter føredraget.
Stad: Rom UND 104 på HVL, Klingenbergvegen 4, 5414 Rommetveit
Restriksjoner
Arrangementet er ope for alle. Merk ulike billettkategoriar for medlemmer av Hagelaget og ikkje-medlemmer.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar til medlemspris føreset gyldig medlemskap i Det norske hageselskap. Medlemsbevis må kunna leggjast fram på førespurnad. Kjøpte billettar blir ikkje refunderte.